Madrid
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg regionen Madrid
Madrid er hovudstaden i Spania. Byen ligg midt i landet, og sjølve byen har over 3 millionar innbyggjarar. Tettstaden Madrid har nesten 5 millioner innbyggjarar, noko som gjer han til den største på den iberiske halvøya.
[endre] Historie
På 800-talet bygde maurarherskaren Mehmed I ei borg på staden. I dag ligg det spanske kongsslottet på om lag same staden.
Byen blei erobra av Alfonso VI av Castilla i 1038, som gjorde om moskéen der til ei kyrkje. Maurarar og jødar fortsette å bu i byen til dei blei viste ut frå riket, og bydelen «Moreria» ber fortsatt vitne om dei.
I 1329 samla cortes seg for første gong i Madrid for å gje råd til kongen. Den kongelege bustaden blei flytta hit i 1561, og i 1606 blei byen offisielt hovudstad for Spania.
Madrid blei erobra av britiske og portugisiske tropper i 1706 under den spanske tronfølgjekrigen. Frå 1808 til 1813 kontrollerte Frankrike byen, og Josef Bonaparate, bror til Napoleon, blei innsett som konge.
[endre] Lenkjer ut
[endre] Kjelder
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |