Maori
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Māori er nemninga på det opprinnelege folkeslaget på New Zealand, og språket deira. Ordet māori tyder «normal» eller «vanleg» på māorispråk, men i segner eller andre muntlege overleveringar tener det til å skilja dødelege skapningar frå ånder eller guddomar. «Māori» tilsvarar uttrykk i somme andre polynesiske språk, t.d. Hawaiispråk, der ordet maoli har omlag den same tydinga. Det er også namnet på menneska og språket på Cookøyene, det såkalla Cook Islands Māori.
[endre] Opphavet til māoriane
New Zealand var eit av dei siste områda på jorda som vart busett.
Der er ingen sikre prov på at menneske har vore busette på New Zealand tidlegare enn māoriane. Arkeologiske og lingvistiske undersøkingar tyder på at der truleg har vore fleire innvandringsbølgjer frå aust (Polynesia) til New Zealand i tida mellom åra 800 og 1300. Opphavet til māoriane kan derfor ikkje skiljast frå opphavet til dei polynesiske forfedrane deira. Muntlege overleveringar hos māoriane fortel at dei kom frå Hawaiki (eit mytisk land i den tropiske delen av Polynesia) i store, havgåande kanoar. Desse polynesarane, meiner ein, har så vorte til dei māoriske stammene på New Zealand.
Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samfunnsspirer. |