Marór
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marór (hebr. מָרוֹר [mārōr]) er nemninga for dei bitre urtene ein et under sedermåltidet på dei to første kveldane av den jødiske høgtida pesah. Som marór brukar dei fleste sefardiske jødar bitre typar salatblad. Askenasiske jødar brukar oftast pepparrot.
Denne artikkelen om jødedom er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over spirer om jødedom. |