Reformjødedom
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reformjødedomen ser den jødiske tradisjonen i lys av historia og vil tilpasse han til vår eiga tid. Den er den største av dei jødiske retningane i USA med 1,3 millioner medlemmer, men i Israel står dei svært svakt. Mellom anna får rabbinarane deira ikkje lov til å vie ektepar der.
Ein grunn til denne svake stillinga kan vere at reformjødar i eksil har vist mindre interesse enn andre og meir konservative retningar til å gjere alijá (innvandre til Israel).
Ein har eit meir liberalt syn på kvinner. Til dømes kan kvinner vere rabbinarar og kan sitte saman med menn i synagogen.
Dei ser det heller ikkje som nødvendig å halde gudstjenesten på hebraisk.
Få reformjødar held jødiske spiselover (kasjrút) strengt, men det er mange som held dei til en viss grad.
Reformjødane godtek som jødar personar som har anten jødisk far eller jødisk mor, i motsetnad til dei ortodokse jødane som ikkje godtek personar med ikkje-jødisk mor som jødiske anna enn ved konvertering. Dei tilbyr også relativt lettvint konvertering til jødedomen. Dette fører til sterk ueinigheit mellom reformjødane og dei ortodokse om kven som er jødar.
På 1800-talet var reformjødedommen svært kritisk til tradisjonell jødedom. Men dei seinare tiåra er jødiske ritual og symbol komne tilbake, slik som bruk av kippá (jødisk hovudplagg). Også utanfor synagogane er det auka interesse for jødisk religion, historie og kultur.
[endre] To ulike retningar reformjødedom
-
- Tysk-amerikansk reformjødedom: Den tyske og vanlegaste nordamerikanske forma av reformjødedom blir òg kalla liberal jødedom (særleg i Storbritannia og Nederland) eller progressiv jødedom i Europa og Israel i våre dagar. Dette er den klassiske reformjødedommen som han oppstod i Hamburg og vart overført til byen New York av tysk-jødiske emigrantar. Denne greina av reformjødedommen oppstod i Berlin og Hamburg i det askenasisk-sefardiske blandingsmiljøet der og som eit resultat av opplysningstida. Reformjødedommen definerte i byrjinga jødedommen som ein religion, heller enn som ein rase eller kultur; rituelle på- og forbod frå Toráen vart avviste; og ein la vekt på det etiske bodskapet frå Profetane. Den tysk-amerikanske reformjødedommen utvikla eit eige gudstenesteritual på det lokale hovudspråket og la vekt på personleg samband med tradisjonen heller enn på personleg rituell praksis. I dag har den tysk-amerikanske reformjødedommen generelt utvikla seg mot meir typisk jødisk rituell praksis att, og mange reformmeinigheiter har teke i bruk hebraisk språk i gudstenesta att og oppfordrar gjerne til i det minste nokre element av privat rituell praksis.
- Britisk reformjødedom: Inspirert av den tyske reformjødedommen, men med mykje større vekt på jødisk tradisjon og rituell praksis, utvikla det seg ei separat form av reformjødedom i Storbritannia og nokre byar i Nord-Amerika. Denne greina, som gjerne blir kalla britisk reformjødedom, vart i utgangspunktet igangsett av sefardiske jødar og la mykje større vekt på kontinuitet i ritualet. I staden for overgang til det lokale hovudspråket, vart hebraisk språk styrkt i gudstenestene gjennom at arameiske bøner (slik som «Kaddísj») vart omsette til hebraisk. Denne forma av reformjødedom, som historisk sett liknar mykje på amerikansk konservativ jødedom finst i dag hovudsakleg i Storbritannia. I nyare tid har det vore noko tilnærming til tysk-amerikansk reformjødedom, og britiske reformjødar identifiserer seg gjerne meir med amerikansk reformjødedom enn med konservativ jødedom.