Massey Ferguson
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Massey Ferguson vart til ved at den kanadiske landbruksmaskin- og traktor-produsenten Massey-Harris og det britiske selskapet Ferguson i 1953 slo seg saman til «Massey Harris Ferguson» (som i 1958 vart forenkla til «Massey Ferguson»).
Massey Ferguson utvikla seg til ein av dei største produsentane av landbrukstraktorar i verda. På trass av den kanadisk avstamminga forgjekk det meste av den nordamaerikanske produksjonen i USA. I Europa har/hadde Massey Ferguson store fabrikkar i Storbritannia og Frankrike. Traktorane vart òg produserte på lisens mange stader i verda: Jugoslavia, India, Iran, Pakistan, Polen, Tyrkia, Venezuela, osb.
På 1970-talet fekk Masey Ferguson økonomiske problem og kom under kontroll av Conrad Black, for så i 1981 å verta reorganisert som Varity Coorperation. I 1994 kjøpte Agco-konsernet Massey Ferguson og nyttar no «Massey Ferguson» som eit varemerke.
[endre] Lenkjer ut
- Massey-Ferguson Tractors
- Massey-Ferguson Tractors - UK/Ireland/Eire
- Massey-Ferguson Tractors - USA/Canada
- Harry Ferguson Story
- Private Networking in a Multinational
![]() |
Denne landbruksartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over landbruksspirer. |