Michael Ballack
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Michael Ballack, fødd 26. september 1976 i Görlitz i Sachsen i det dåverande DDR, er ein tysk fotballspelar. Frå sesongen 2006/07 spelar han for Chelsea i England. Grunna allsidigheit, god teknikk og hovudstyrke vert han rekna som ein av dei beste midtbanespelarane i verda.
Innhaldsliste |
[endre] Karriere
Michael Ballack spelte først fotball som sjuåring i BSG Motor Karl-Marx-Stadt. Han vart profesjonell i 1995 i Chemnitz FC. Frå 1997 til 1999 spelte han for 1.FC Kaiserslautern, frå 1999 til 2002 for Bayer 04 Leverkusen og frå 2002 til 2006 for FC Bayern München. Han har teikna treårskontrakt for Chelsea frå og med 2006/07-sesongen. Sidan kontrakten hans med Bayern München hadde gått ut går han til Chelsea vederlagsfritt. Ballack vart tysk seriemeister i 1998, 2003, 2005 og 2006 og var med å vinna den tyske cupen i 2003, 2005 und 2006 DFB-Pokalsieger.
Han spelte sin første landskamp 28. april 1999 i Bremen i eit 0-1 nederlag mot Skottland. Sidan då har han spelt 65 landskampar og scora 31 mål for det tyske landslaget (pr. 2. juni 2006). I fotball-VM 2002 var han med å vinna sølv, men i finalen var han utestengt etter å ha fått sitt andre gule kort for turneringa i semifinalen mot Sør-Korea. Få minutt etter å ha fått det gule kortet scora han golden goal-målet som sende Tyskland til finalen. Ballack var òg med i fotball-EM i 2000 og 2004.
Under landslagstrenar Jürgen Klinsmann vart Ballack 16. august 2004 kaptein for det tyske landslaget. Både på det tyske landslaget og for Bayern München har Ballack alltid spelt med nummer 13 på ryggen.
Michael Ballack er ugift og far til tre søner: Louis ( fødd 16. august 2001), Emilio (19. september 2002) und Jordi (17. mars 2005). Mor til barna er livsledsagaren hans, Simone Lambe (fødd 1978).
[endre] Karrieren i tal
- 1995-97 - Chemnitz - 49 kampar, 10 mål
- 1997/98 - Kaiserslautern - 16 kampar, 0 mål
- 1998/99 - Kaiserslautern - 30 kampar, 4 mål
- 1999/00 - Bayer Leverkusen - 23 kampar, 3 mål
- 2000/01 - Bayer Leverkusen - 27 kampar, 7 mål
- 2001/02 - Bayer Leverkusen - 29 kampar, 17 mål
- 2002/03 - Bayern München - 26 kampar, 10 mål
- 2003/04 - Bayern München - 28 kampar, 7 mål
- 2004/05 - Bayern München - 27 kampar, 13 mål
- 2005/06 - Bayern München - 26 kampar, 14 mål
[endre] Merittar
- 2002, 2003 og 2005 vart Ballack kåra til årets spelar av tyske fotballjournalistar.
- 2002 vart han kåra til beste midtbanespelar av UEFA.
- Bundesligameister: 1997/98, 2002/03, 2004/05, 2005/06
- Tysk cupmeister: 2002/03, 2004/05, 2005/06
- Fotball-VM: Tapande finalist 2002
- Champions League: Tapande finalist 2001/02
[endre] Eksterne lenkjer
- Michael Ballack si heimeside (tysk og engelsk)
- Leverkusen who's who