Mil
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg brettspelet mil. For andre tydingar av «mil», sjå Mil (fleirtyding).
Mil er i dag ei lengdeeing som svarer til 10 000 meter, eller 10 km. Mil er ikkje med i SI-systemet, men er avleia av det. Ordet mil har opphav i dei romerske mille passus, tusen skritt, sjå romersk mil og engelsk mile.
Opphavleg hadde ein to typar mil i Skandinavia, dansk og svensk. Den danske mila var 7 532,48 meter lang, nøyaktig 12 000 alen. Den svenske mila var 10 688,54 meter. Begge lengdene blei markerte med milepålar, som òg blei sette opp på kvar fjerdedel av mila.
I Sverige blei ei einheitleg mil innført i 1699. Før dette hadde ho hatt ulik lengd ulike stader i landet. Nå blei ho definert som å utgjera 3600 stenger = 6000 famnar = 18 000 alner = 36 000 fot, som altså svarer til ca 10 688,54 meter.
Då det metriske systemet blei innført i unionsrika Sverige og Noreg i 1889, blei det avgjort at ei mil frå nå av skulle vera 10 000 meter. Denne «nymila» er fortsatt i bruk i desse to landa, men ingen andre stader. Den danske mila, derimot, er gått heilt ut av bruk.
[endre] Ulike typar mil
- Amerikansk mil
- Dansk mil
- Dansk sjømil
- Geografisk mil
- Internasjonal mil (eng. mile)
- Romersk mil
- Svensk mil
- Svensk sjømil
- Sjømil
- Nautisk mil