Romersk mil
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Romersk mil er ei lengdeeining på om lag 1.479 m. 1000 dobbeltsteg for marsjerande soldatar utgjorde ei romersk mil. På latin kalla ein mila mille passus, tusen steg, i fleirtal milia passuum.
Ofte vart det stilt opp steinar på romarvegane ved kvar romersk mil frå Roma. Desse steinane vart kalla milepelar (Latin: milliarium). Mila og milepelane blei spreidde utover heile Europa, og er mellom anna opphavet til dagens norske mil.
[endre] Sjå òg
- Romerske måleeiningar