Moai
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Moai er namnet på steinstatuane på Påskeøya. Dei fleste statuane er hogde ut i eit stykke, men nokre har lause steinpukauar på hovudet. Det finst meir enn 600 kjende moai, fordelt over heile øya. Ved Rano Raraku, der dei fleste moai vart hogde ut av klippen, finst det nesten 400 meir eller mindre ferdige statuar. Steinbrotet verkar som det stoppa brått, ettersom det finst fleire halvferdige statuar igjen i klippen. Alle utstilte moai har seinare vorte velta av dei innfødde øybuarane.
Sjølv om statuane oftast kallast før «hovuda» så har mange av moaiane skuldrar, armar och kroppar. Statuane har med tida sunke ned i jord og berre hovuda stikk opp. Meininga med statuane er ikkje kjend og det finst mange teoriar om deira eksistens.
Den vanlegaste teorien er at statuane vart hogde ut av ein polynesisk folkesetnad på øyane, for 1000 år sidan eller endå tidlegare. Dei vert sagt å representere døde forfedre eller viktige personar, som merke på gravene deira. Kanskje dei i staden avbildar personar som var viktige når statua vart røyst, eller statuar over personar i familien til den som røyste statua. Uansett måtte dei ha vore vanskelege å framstille; ikkje berre er arbeidet med å hogge ut kvar statue noko som tok fleire åt, men statuane måtte dessutan slepast tvers over øya frå staden den vart laga til staden den skulle stå på. Korleis statuane vart flytta er ikkje kjent, men sannsynlegvis vart sledar av tre eller kansje også rullar.
Gamle øylegendar fortel om ein klanhøvding på jakt etter ein ny heim. Plassen han vart buande på kallast idag Påskeøya. Når han døydde vart øya delt opp mellom sønene hans. Når ein høvding for ein av desse klanane døydde vart ein moai plassert på høvdingen si grav. Øybuarane trudde att statua skulle halde igjen høvdingen sin «mana» (overnaturlege krefter). Gjennom at manaen vart heldt igjen på øya trudde øybuarane at gode tider kom, regn skulle kome og grødane skulle vekse. Denne legenden kan ha blitt forvrengt frå den opprinnelege ettersom den har funnest så lenge. Ting kan ha vorte funne opp for å piffe opp og gjere den meir intressant.