Moster
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- For moster i tydinga «mor si syster», sjå tante
Moster er ei øy søraust i Bømlo kommune i Sunnhordland. Øya har ei flatevidd på 12 km2. Røyksundkanalen skil Moster frå Øya Bømlo. Det var på Moster kong Olav Tryggvason byrja freistnadene på å kristna Noreg, og etter tradisjonen skal han ha reist den fyrste kyrkja i landet her i 995. Moster gamle kyrkje som står i dag, reknar ein med er frå kring 1150, og ho vert rekna for å vera den eldste kyrkja i landet. Gamlekyrkja ligg i tettstaden Mosterhamn.
Det var på Mostratinget på Moster i 1024 kong Olav den heilage og bisp Grimkjell sette den sokalla kristenretten - eit tingvedtak som sidan vart teke ved på dei ymse lagting. Slik vart kristendomen til statsreligion i Noreg.
Det årvisse sogespelet Kristkongane på Moster (òg kalla Mostraspelet) av Johannes Heggland har sidan 1984 vorte sett opp i Moster amfi. Handlinga i dette stykket krinsar kring desse hendingane på vegen til kristninga av Noreg. I 1995 var det ei storstilt høgtiding av tusenårsjubiléet for kyrkja i Noreg i samband med Mostraspelet.
[endre] Moster kommune 1916-1963
Moster var frå 1913 til 1963 eit eigen herad i Hordaland fylke. Kommunen hadde 1.316 innbyggjarar då Finnås kommune vart delt i tre den 1. juli 1916. Samstundes vart òg Bømlo og Bremnes kommunar skipa. Kommunen Moster omfatta øya Moster og den søraustlege delen av øya Bømlo.
1. januar 1963 vart Moster, Bremnes og Bømlo slegne saman til den nye Bømlo kommune. Moster hadde ved samanslåinga 1.834 innbyggjarar.