Mostratinget
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Mostratinget».
Mostratinget var eit tingmøte halde ved Moster kyrkje, på Moster på Bømlo i 1024. Her la kong Olav den heilage og bisp Grimkjell fram kristenretten som dei i samråd med frie bønder på tinget fekk vedteke. Sidan vart dette òg vedteke på dei ymse lagtinga, og ein har rekna dette som innføringa av kristendomen til statsreligion i Noreg. Mostratinget er nemnt i dei eldste norske lovtekstene, Gulatingslova og Frostatingslova.
Mostratinget danar råma kring andre delen av det det årvisse sogespelet Kristkongane på Moster (som til vanleg gjeng under namnet Mostraspelet), skrive av Johannes Heggland.