Nasaret
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nasaret, eller det gamle Nasaret (Nazerat) (arabisk الناصرة an-Nāṣirah; hebraisk נָצְרַת), ligg i Galilea (Ha'Galil) nord i Israel. Byen er den største, rikaste og mest moderne arabiske byen i landet. Nasaret har kring 63 000 innbyggjarar. Av desse er kring 33 000 er muslimar og kring 30 000 er kristne. Byen ligg opp langs ei fjellside, og er synleg frå lang avstand utover Israelsletta. Innan kristendomen er byen rekna som heilag, avdi Jesus i fylgje det nye testamentet vart fødd og vaks opp her. Erkeenglen Gabriel skal òg ha synt seg for Jomfru Maria i byen. På den tida var Nasaret berre ein liten landsby. Mange kristne samfunn har kyrkjer og kloster i byen. Det bur både kristne og muslimske arabarar i byen. Tidlegare var det nesten berre kristne innbyggjarar. Den kristne delen akkurat som i andre kristne byer i Israel og Midtøsten.
[endre] Lenkjer ut
- The History of the Ancient Near East
- Nazareth City Website
- Jewish Encyclopedia: Nazareth
- www.jesusneverexisted.com "Nazareth: the town that theology built": a highly critical view of archaeology at Nazareth.
- Easton's Bible Dictionary 1897: Nazareth
- W.R.F. Browning, Oxford Dictionary of the Bible: Nazareth
- Nazareth Village: A model villiage and vistors center.
- The New Official site of Nazareth City