Naturleg satellitt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fellesnamnet måne blir vanlegvis nytta om alle naturlege satellittar rundt planetane. Det er minst 140 månar i solsystemet vårt, og sikkert mange andre i bane rundt planetar i andre solsystem. Det typiske er at dei store gasskjempane har mange månar. Merkur og Venus har inga månar, jorda har ein stor, Mars har to små og Pluto ein stor.
[endre] Utspring
Ein meiner at dei fleste månane blei danna i det kollapsande området i den protoplanetariske skiva som var grunnlaget til planeten månen hører til. Men det er mange kjente og moglege unntak og variasjonar i denne standardmodellen. Fleire månar er mest sannsynleg innfanga asteroidar, andre kan vera fragmentar av større månar sprengt ved kollisjonar. Månen til jorda har igjen eit anna opphav, ein del av planeten vår blei sprengt vekk ved ein kjempekollisjon med ein annan himmellekam. Så lenge dei fleste månane kun er kjent frå enkelte observasjonar frå romsondar eller teleskop er dei fleste opphavsteoriane enda usikre.
[endre] Månane i solsystemet
Dei største månane i solsystemet (dei over 3 000 km i diameter) er (frå sola og utover) den eine til jorda: Månen, dei galileiske månane til Jupiter: Io, Europa, Ganymede, og Callisto, saturnmånen Titan, og neptunmånen Triton. For mindre månar, sjekk tabellen under kvar planet.
Her er ein sammenliknande tabell som klassifiserar alle kjende månar etter diameter. Han inkluderar au noen andre objekt å bite merke i, enkelte asteriodar, planetar og kuiperbelteobjekt.
Diameter (km) | Jorda | Mars | Jupiter | Saturn | Uranus | Neptun | Pluto | Andre objekt |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
5000-6000 | Ganymede | Titan | ||||||
4000-5000 | Callisto | Merkur |
||||||
3000-4000 | Månen | Io |
||||||
2000-3000 | Triton | 2003 UB313 Pluto |
||||||
1000-2000 | Rhea |
90377 Sedna 90482 Orcus |
||||||
100-1000 | Himalia |
Enceladus | Miranda Sycorax |
Proteus Nereid |
Charon |
Ceres |
||
50-100 | Thebe |
Pandora | Caliban |
Thalassa Naiad |
(For mange til å liste opp) | |||
10-50 | Phobos |
Carme |
Siarnaq
Atlas |
Ophelia
Cordelia |
S/2002 N 1 S/2002 N 2 |
(For mange til å liste opp) | ||
mindre enn 10 | Cruithne¹ | Callirrhoe Themisto |
Erriapo Narvi |
(For mange til å liste opp) |
¹ Det er omdiskutert om Cruithne kan teljast som ein verkeleg måne, men han er med i tabellen for samanlikninga sin del.
I tillegg til planetmånane er det også kjent at det finst over tretti asteroidemånar, asteroidar som går i bane rundt andre asteroidar.
Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over astronomispirer. |