Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- For informasjon om det lutherske bispedømet, sjå Nidaros bispedøme.
Nidaros erkebispedøme var eit katolsk erkebispedøme med sete i Nidaros. Det vart oppretta av kong Olav Kyrre mellom 1070 og 1080 som bispedøme. Bispedømet vart opphøgd til erkebispedøme i 1153. Erkebispedømet vart innstifta av pave Anastasius IV i 1154, og var i funksjon fram til reformasjonen i 1537. Erkebiskopen sitt hovudsete var Erkebispegarden, rett ved domkyrkja Nidarosdomen. Frå 1152 til 1154 var Nicholas Breakspear i Skandinavia som paveleg utsending, og organiserte opprettinga av erkesetet.
[endre] Utbreiing og jurisdiksjon
Erkebispedømet omfatta i tillegg til Noreg øyane i vest i Noregsveldet. Nidaros var eit metropolitanerkebispedøme med fylgjande underliggjande bispedøme suffraganar:
- Bjørgvin bispedøme
- Oslo bispedøme
- Hamar bispedøme
- Stavanger bispedøme
- Kirkjubø katolske bispedøme, Færøyane
- Kirkjuvåg katolske bispedøme, Orknøyane
- Peel katolske bispedøme, Man
- Skålholt katolske bispedøme, Sør-Island
- Holar katolske bispedøme, Nord-Island
- Gardar katolske bispedøme, Grønland
[endre] Overhyrdar
[endre] Lydbiskopar
Lydbiskopane var knytt til kongen, og ikkje til eit bispedøme, men vart rekna som forløparar for dei egentlege biskopane av Nidaros.
[endre] Biskopar
[endre] Biskopar
År |
Biskop |
Anna |
? |
Adalbrikt |
Innsett av Olav Kyrre |
? |
Simon |
Levde i 1139 |
? |
Ivar Kalfsson |
|
?–1151 |
Reidar |
Truleg utnemnd til erkebiskop i Roma, døydde på heimvegen |
[endre] Erkebiskopar