Nils Lykke
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nils Lykke (1492–1535) var dansk riksråd og riddar som døydde på Steinvikholmen slott i Trondheimsfjorden den 24. desember.
Innhaldsliste |
[endre] Ein danske kjem til Noreg
Noreg var på denne tida inne i ei brytningstid både politisk og religiøst. Mange ynskja Noreg frigjord frå unionen med Danmark og Noreg var i ferd med å gå frå ei katolsk tru til læra til Luther.
Nils Lykke kom hit for å få opplysningar om Grev Sture som leia eit åtak mot Danmark frå Sverige. Lykke kom til Austrått og vart der gift med Eline Nilsdatter Gyldenløve i 1528, ei dotter til Fru Inger frå Austrått og Niels Henriksson Gyldenløve. Eline var den tredje i rekka av fem søstre. Eline og Nils hadde fleire born saman.
Lykke fekk med kvart god kontakt med erkebiskop Olav Engelbrektsson og det kom godt med da det var ufred mellom erkebiskopen og Fru Inger. Nils Lykke fekk skipa til semje mellom dei to i 1530.
[endre] Maktkamp
Eline døydde i 1532 og Nils inngjekk eit nytt forhold til Lucie Nilsdotter Gyldenløve, ei yngre søster til Eline og dei fekk eit barn saman. Kjærleik med søstra til si døde hustru vart rekna for blodskam og forbode i katolsk lære. Nils Lykke ba erkebiskopen fleire gonger om dispensasjon til å gifte seg, noko som han sa seg einig i i byrjinga. Fru Inger og hennar svigerson adelsmann og riksråd Vincens Lunge var imot dette.
Nils Lykke fekk Storfosen gods av Fru Inger og budde der i 3 år. Her laga han vollar og graver rundt hovudgården til vern mot åtak. Folk vart pålagd strenkt pliktarbeid for å få laga dette. Han tar også med seg sonen han har med Lucie hit, men sonen døyr stutt tid etter. Nils Lykke for og tak i Tautra kloster på denn tida.
Vincens Lunge var uven med Nils Lykke og Olav Engelbrektsson såg han som sin fremste rival. Han og andre riksrådar nytta ut det tragiske forholdet Nils Lykke hadde til Lucie i kampen om makta.
[endre] Fange på Steinvikholmen slott
Vincens Lunge påsto at Nils Lykke vart verna av erkebiskopen og la ansvaret over på han. Erkebiskopen let seg pressa og i juni i 1535 gjekk mennene hans til åtak på Storfosen gods og arresterte Nils Lykke. Fangen vert førd til Steinvikholmen slott og ein rett på 24 menn dømde han til døden. Men fangen kunne ikkje avrettas før Noregs riksråd hadde dømd i saka. I fylje rykta vart Nils Lykke røykt ihjel julekvelden i 1535 og vart eit offer i eit kynisk maktspel.
Nils Lykke har roller i skodespelet Fru Inger til Østråt av Henrik Ibsen og operaen Lucie av Edvard Hoem.