Norske kommunar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I Noreg er ein kommune eit geografisk område som fungerer som ei administrativ og politisk eining. Kommunane er uavhengige forvaltingsorgan og sjølvstendige rettssubjekt etter kommunelova. Det kommunale sjølvstyret er endå avgrensa av særskilde lovheimlar, og avhengig av økonomiske løyvingar frå staten. I Noreg er det to typar kommunar, (primær)kommunar og fylkeskommunar.