Oliver Cromwell
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oliver Cromwell (25. april 1599 - 3. september 1658) var ein engelsk militær leiar og politikar. Etter sigeren i den engelske borgarkrigen vart han utnemnd til lord protector over England, Skottland og Irland frå 16. desember 1653 og fram til han døydde.
Han fekk ry som ein god militær leiar då han organiserte ei kavaleriavdeling for parlamentshæren, kalla Ironsides. Han vart seinare leiar for New model army, som var viktig i sigeren til parlamentshæren over kong Karl I av England.