Oljeplattform
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei oljeplattform er ein konstruksjon sett saman av stål og betong, som utfyller ein eller fleire oppgåver i samband med utaskjærs (offshore) leiting etter eller utvinning av petroleum på oljefelt. Ei oljeplattform er utstyrt etter arbeidsoppgåvene på dekk, som til dømes boreutstyr, helikopterplattform og mannskapshotell. Ei oljeplattform kan, i tillegg til råolje, ha utstyr for å produsera naturgass og naturgasskondensat. Ei oljeplattform som har alle funksjonane boring, produksjon og bustad vert kalla ein integrert oljeplattform.
Gassplattformer, som vert brukte til petroleumsutvinning på stader der det ikkje finst råolje, vert òg stundom kalla oljeplattformer i daglegtalen.
Condeep er ein type oljeplattform med betongunderstell. Gullfaks C på Gullfaksfeltet er eit døme på ein slik oljeplattform.
[endre] Sjå òg:
- Borerigg
- Produksjonsskip
- Gassplattform
- Petroleumsverksemda i Noreg
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |