Stål
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stål er ei legering med jarn og karbon som dei viktigaste elementa. Det er eit sterkt metall med mange bruksområde, som konstruksjon og i reiskapar og våpen. I Noreg blir det produsert stål i Mo i Rana og på Jørpeland.
[endre] Oppbygging
Den klassiske definisjonen er at stål er jern-karbon-legeringar med opp til 2,1 prosent karbon. Karbonet, som legg seg mellom jernatoma i krystallgitteret, hindrar desse i å skli frå kvarandre. Karbonatoma vil også påverka fasetransformasjonane i metallet, slik at stålet blir meir herdbart.
Mengden av karbon i legeringa bestemmer kva eigenskapar stålet får. Stål med høgt karboninnehald kan gjerast sterkare og hardare enn jern, men blir òg sprøare.
Andre legeringselement kan vera mangan, krom eller nikkel.
[endre] Typar
Det finst fleire typar stål, dei mest vanlege er:
- Konstruksjonsstål
- Rustfritt stål
- Høgfast stål
- Verktøystål
- Støypestål
Når karboninnholdet i jern er høgare enn 2,1% blir legeringa kalla støypejern.