Optikk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Optikk dreier seg om korleis lys spreier seg og blir brote, og er ei grein av fysikken.
Vitskapen prøver å forklara ulike optiske fenomen. Han studerer synleg, infraraudt og ultrafiolett lys. Ettersom alle desse er ulike bølgjelengdar av elektromagnetisk stråling, på same måte som røntgenstråling, mikrobølgjer og radiobølgjer, vil ein finna liknande fenomen her òg. Ein kan difor sjå på optikken som underordna studiet av elektromagnetismen.
Nokre optiske fenomen kan bare forklarast ved at lyset har kvanteeigenskaper, slik som fotoelektrisk effekt. Optikken bruker derfor både klassisk fysikk og kvantefysikk som forklaringsmodell.
[endre] Sjå òg
- Bølgjelengde
- Foton
- Hologram
- Laser
- Linse
- Lysbryting
- Lysbøying
- Spektroskopi
![]() |
Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over fysikkspirer. |