Ostravice
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ostravice | ||
|
||
Utspring | Bílá Ostravice i Dei moravisk-schlesiske Beskidane | |
Munning | Oder ved Ostrava | |
Tilknytta land | Tsjekkia | |
Lengd | 64 km | |
Høgd over havet ved utspring | 900 m | |
Høgd over havet ved munning | 190 m | |
Middelvassføring | 12,7 m³/s | |
Nedslagsfelt | 827 km² | |
Sideelvar | Čeladenka | |
Renn gjennom | Ostrava |
Ostravice (polsk Ostrawica, tysk Ostrawitza) er ei elv i Mähren-Schlesien i Tsjekkia. Ho har sitt utspring i Dei moravisk-schlesiske Beskidane og renn gjennom Ostravice, Frýdlant nad Ostravicí, Frýdek-Místek og Paskov til Ostrava, der ho munnar ut i Oder, som ei av sideelvane frå høgre. Ho dannar delvis grensa mellom dei historiske områda Mähren (på venstresida) og Tsjekkisk Schlesien (på høgresida).
Elva har sitt utspring der elvene Bílá Ostravice (Kvite Ostravice) og Černá Ostravice (Svarte Ostravice) renn i hop. Dei renn begge gjennom djupe skogdalar, som er viktige framkomstvegar til feriestadane Bílá og Bílý Kříž. I 1970 vart det bygd ein demning på Ostravice, Šancedemningen, som fungerar som eit ferskvassreservoar for industriområda rundt Ostrava.
Ostravice renn så gjennom det åslendte landskapet mellom landsbyen Ostravice og Frýdek-Místek, og til slutt ut på låglandet rundt det industrialiserte området rundt Ostrava.
[endre] Kjelder
Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Ostravice River frå Engelsk Wikipedia.