Ozelot
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Små kattedyr |
||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
![]() Ozelot |
||||||||||
Systematikk | ||||||||||
|
Ozeloten (Felis pardalis eller Leopardus pardalis) er eit kattedyr som lever i skog og på steppar i Sør- og Mellomamerika. Han er spesielt kjend for den fine pelsen sin, og er på grunn av denne truga av utrydjing.
[endre] Kjenneteikn
Ozeloten er gul eller gråaktig avhengig av kor tørr biotopen er. Pelsen er kledd med svarte flekkar og strekar, og vert rekna som særs fin. Kroppslengda er som på ein stor huskatt (65-100 cm), og vekta ligg i overkant av 10 kg.
[endre] Levevis
Ozelotar lever åleine eller parvis i skogar og på steppar frå Mexico til nord i Argentina. Dei jaktar om natta, hovudsakeleg på små pattedyr, fugl og krypdyr. Dei sym og klatrar godt, og fangar gjerne byttet sitt i trea.
Kullstorleiken er på 2-4 ungar, som vert fødde om hausten etter at hoa har gått drektig i litt over to månadar.