P4
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
P4 er den største kommersielle riksdekkjande radiostasjonen i Noreg. Kanalen sender i det ein kallar det femte riksnettet, eller FM5-nettet, på konsesjon ifrå Kulturdepartementet. Kanalen har hovudkontoret sitt på Lillehammer, med avdelingskontor i Oslo, Bergen og Kristiansand.
Etter å ha sendt i det største kommersielle radionettet i Norge, FM4, i ti år, mista P4 denne konsesjonen i 2003, og fekk i staden konsesjonen til det noko mindre FM5-nettet. Kanalen hadde i denne forbindelse ei rekkje rettslege tvistar med kanal 4 som skulle overta FM4-nettet fra 1. januar 2004. Eit av resultata av desse tvistane var at Kanal 4 måtte endre navn til Kanal 24.
Til trass for overgangen til et nett med lågare dekningsgrad har P4 klart å halde på dei fleste lyttarane. Ein reknar med at ca. ein million lyttarar høyrer på stasjonen kvar dag. Dette tilsvarer en andel på ca. 25 prosent (2004). P4 sikra seg dermed mesteparten av den komersielle reklameomsetnaden i radiomarknaden.