Pa
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- For måleeininga med forkortinga Pa, sjå Pascal.
Ein pa eller pā (uttala pah) var ein Māorilandsby eller ei grend som var forskansa og bygd for forsvar. Dei vart sett på som sosiale sentra for sin stamme og sosiopolitiske sentra for alle iwi. I eit māorisamfunn stod ein stor pa for mana til ein høvding eller rangatira. Nesten alle pa var bygde på trygge og grøderike område. Sjølv om dei var bygde for forsvar, gjorde dei i fremste rekkje teneste som bustadar. Ein avgrensande faktor til desse māoriskansene var at mannskapa måtte forlata dei ofte for å dyrka jord, hausta avlingar eller samla mat ute i villmarka. Såleis kunne dei gjerne vera fråflytta i fire til seks månadar i året.