Patologi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Patologi (frå gresk pathos som tyder liding og logos som tyder lære) er ei medisinsk vitskapsgrein som tek føre seg tilstanden til levande skapningar under sjukdom eller skade. «Patologisk» er eit adjektiv som gjerne vert nytta som eit meir generelt omgrep på sjukelege tilstandar. Substantivet patologi blir ofte òg bruka i tydinga «sjukdomstilstand», men dette vert av mange rekna som mindre god språkbruk.
Patologisk undersøking inneber testing av prøver i eit medisinsk laboratorium og diagnostiserer helseproblem frå deira bevis. Eit laboratorium vil granska materialet, t. d. kroppsvesker (blod, spytt, sveitte, sæd, urin) eller lokale prøver (biopsiar) og resultatet kan då visa evt. patologi i tydinga sjukeleg tilstand. Ein heil lekam eller deler av denne kan også undersøkjast av patolog ved obduksjon. Patologar er ekspertar i å tolke testresultata og fysiske bevis.
[endre] Sjå òg
Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over medisinspirer. |