Qibla
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Islam |
![]() |
Heilage stader |
Mekka – Medina – Al-Quds (Jerusalem) – Najaf – Karbala |
Sakralbygg |
moské – minaret – mihrab – qibla – Kaba |
Qibla er eit arabisk ord som refererer til retninga ein muslim skal venda seg i når han ber. Opphavleg skulle dette vera i retning Baitul Muqaddas i Jerusalem, men i 624 evt. då Muhammed hadde emigrert til Medina vart bøneretninga endra til å vera i retning Kabaen i Mekka.
Nokre ikkje-muslimske akademikar tilskriv endringa til ei konflikt mellom Muhammed og jødane i Medina. I tradisjonelle islamske kjelder vert det fortalt om ei plutseleg endring som tok stad då Muhammed fekk ei openberring under ei morgonbøn han leia. Muhammed, som då var vend i mot Jerusalem, skal med det same ha snudd seg og vend seg mot Mekka, og dei bak han følgde etter.
Bøneretninga vert alltid sett til å vera i den retninga der distansen til Kaba er kortast. Ein spesiell situasjon oppstår når muslimar ber inne i sjølve Kaba, dei vil då venda seg mot ytterveggane.