Raúl Castro
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Raúl Castro Ruz (fødd 3. juni 1931) er ein kubansk politikar og revolusjonær, og bror av Fidel Castro. Han har vore andresekretær i Cubas Kommunistiske Parti sin sentralkomité sidan det vart stifta i 1965, første visepresident i stats- og ministerrådet og forsvarsminister sidan 1959. Raúl deltok i 1953 i angrepet på militærleiren Moncada i Santiago de Cuba By [1] [2], og var ein av grunnleggjarane av 26. juli-rørsla. Det var gjennom Raúl at Che Guevara vart introdusert overfor Fidel Castro og involvert i den cubanske revolusjonen.
Ein trur at Raúl Castro kjem til å etterfølgje Fidel Castro som president. Raúl blir av enkelte observatørar skildra som Cubas militære «jernhand», og derfor som ein lite reformvennleg person. Andre igjen hevdar at Raúl Castro har lært mykje av Fidel sine suksessar og feiltrinn, og derfor vil vise seg som ein reformvennleg leiar. Men Fidel Castro er ingen tilhengar av nepotisme, og bortsett frå Raúl har ingen i hans store søskenflokk nokon gong hatt høge stillingar, heller ikkje barna hans. Det er derfor ikkje usannsynleg at andre enn Raúl kjem til å etterfølgje Fidel Castro som president.
[endre] Referanser
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |