Fidel Castro
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dr. Fidel Alejandro Castro Ruz, kjent som Fidel Castro, (f. 13. august 1926) har vore statsleiar for Cuba frå 1959. Han stod då i spissen for ein revolusjon, som styrta regjeringa til Fulgencio Batista. Cuba vart gjort om til den fyrste sosialistiske staten på den vestlege halvkula. Han var statsminister til 1976, då han vart president i Statsrådet og regjeringa. Han har vore førstesekretær i det cubanske kommunistpartiet frå grunnlegginga i 1965. Broren Raúl er rekna som nummer to på rangstigen i landet, og er rekna som den mest trulege etterfylgjaren til Fidel.
[endre] Sjå òg
[endre] Bakgrunnsstoff
Føregjengar: Fulgencio Batista |
President i Cuba (1959–)
|
Etterfylgjar: - |
![]() |
Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samfunnsspirer. |