Relics
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Relics Samlealbum av Pink Floyd |
||
Utgjeve | 14. mai 1971 | |
Innspelt | 1967-1969 | |
Sjanger | Psykedelisk rock, progressiv rock | |
Lengd | 49:38 | |
Selskap | EMI (Storbritannia) Harvest (USA) |
|
Produsent | Pink Floyd, Norman Smith | |
Pink Floyd-kronologi | ||
---|---|---|
Atom Heart Mother (1970) | Relics | Meddle (1971) |
Relics er eit samlealbum av Pink Floyd frå 1971. Ei ny utgåve på CD med betre digital lyd kom i 1996 med eit anna plateomslag. Det originale plateomslaget var teikna av trommis Nick Mason og framstilte eit skip laga av musikkinstrument. Det nye omslaget viser eit bilete av ein ferdigbygd modell av skipet.
Relics var mest kjend for å innehalde dei tidlege hitsinglane «Arnold Layne» og «See Emily Play» frå Syd Barrett-perioden, i tillegg til B-sidene til tre andre singlar. Den innheld òg den tidlegare uutgjevne studioinnspelinga «Biding My Time» av Roger Waters, som tidlegare berre hadde vore spela på konsertar. Resten av songane var identiske til albumversjonane.
Relics nådde 34. plass på albumlista i Storbritannia og 153. plass i USA.
[endre] Innhald
- «Arnold Layne» (Syd Barrett) – 2:56
- Singel frå 1967
- «Interstellar Overdrive» (Syd Barrett/Roger Waters/Richard Wright/Nick Mason) – 9:43
- Instrumental
- «See Emily Play» (Syd Barrett) – 2:53
- Singel frå 1967
- «Remember a Day» (Richard Wright) – 4:29
- «Paint Box» (Richard Wright) – 3:33
- B-side til singelen «Apples and Oranges» frå 1967
- «Julia Dream» (Roger Waters) – 2:37
- B-side til singelen «It Would Be So Nice» frå 1968
- «Careful With That Axe, Eugene» (David Gilmour/Roger Waters/Richard Wright/Nick Mason) – 5:45
- B-side til singelen «Point Me at the Sky» frå 1968
- Instrumental
- «Cirrus Minor» (Roger Waters) – 5:18
- «The Nile Song» (Roger Waters) – 3:25
- «Biding My Time» (Roger Waters) – 5:18
- «Bike» (Syd Barrett) – 3:21
[endre] Medverkande
- Syd Barrett - Gitar og vokal på Arnold Layne, See Emily Play, Interstellar Overdrive og Bike.
- Roger Waters - Bassgitar og vokal
- David Gilmour - Gitar på alle spor unntatt Arnold Layne, See Emily Play, Interstellar Overdrive og Bike, i tillegg til vokal
- Richard Wright - Orgel, piano, synthesizer og vokal
- Nick Mason - Trommer og perkusjon.