Dick Parry
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dick Parry | ||
Fødd | 22. desember 1942, Kentford i England | |
Instrument | Saksofon | |
Aktive år | 1964 til i dag | |
Sjanger | Progressiv rock | |
Yrke | Saksofonist | |
Tilknytta musikkgrupper | Pink Floyd, David Gilmour |
Dick Parry (f. 22. desember 1942) er ein britisk saksofonist, som har vore studiomusikar på fleire album til forskjellige artistar og band. Mest kjend er han nok for sine soloar i Pink Floyd-songane «Money», «Us and Them» og «Shine on You Crazy Diamond».
Han starta karrieren sin som ein ven til Pink Floyd-gitaristen David Gilmour, og var ein del av bandet hans på midten av 1960-talet kalla Joker's Wild. På 1970-talet overtalte Gilmour han til å bli med på enkelte av Pink Floyd sine studioalbum, i tillegg til mange konsertar mellom 1972 og 2006. Han har òg turnert med bandet Violent Femmes. I det siste har han vore med på David Gilmour sin soloturné etter albumet hans On an Island