Riksmål
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Riksmål er eit omgrep som kan ha fleire tydingar:
I — Riksmål er eit omgrep innlånt frå dansk, der ordet vart bruka som omgrep for skriftspråket og det dialektfrie standardtalemålet frå slutten av 1800-talet. Ordet blir bruka i generell tyding om den offisielle målforma i eit land og/eller eit språk som blir bruka som norm over alt i landet. Synonym til riksmål i denne tydinga inkluderer «bokmål» (som før 1929 kunne brukes om både riksmål (tyding II/III) og landsmål, båe i motsetnad til norske dialektar), «riksspråk», «offisielt språk» og «standardspråk».
II — Sidan 1899 har riksmål vorte bruka i Noreg i polemisk samanheng som namnet på den først danske språkforma, seinare om språket til den mest danskprega fløya av skriftkulturen i landet i motsetnad til landsmål/nynorsk, og seinare òg i motsetnad til samnorsk og deler av bokmål. Denne fløya er representert ved Riksmålsforbundet (stifta 1907) og blir i dag privat normert av Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur.
III — I tida frå 1907 til 1929 var riksmål det offisielle namnet på den norske målforma som i rettskrivinga av 1907 og rettskrivinga av 1917 vart definert som eiga målform uavhengig av dansk, og som frå 1929 fekk namnet «bokmål». Rettskrivingsreformene i 1907 og 1917 gjorde at riksmålet vart skrive meir i samsvar med den dansk-norske danna daglegtala.
[endre] Kjende norske riksmålsforfattarar
- Bjørnstjerne Bjørnson
- Knut Hamsun
- Sigrid Undset
- Sigurd Hoel
- André Bjerke
- Aksel Sandemose
- Claes Gill
- Jens Bjørneboe
- Inger Hagerup
- Arnulf Øverland
- Ebba Haslund
[endre] Litteratur
- Coward, Gorgus (1986): Riksmålsgrammatikk
- Guttu, Tor (red.) (1994): Riksmålsordlisten, Oslo: Riksmålsforbundet, 6. utg.
- Guttu, Tor (red.) (1999): Norsk ordbok, Oslo: Kunnskapsforlaget
- Norsk Riksmålsordbok, utg. i 4 bd. 1937-57 med to supplementsband i 1995, Oslo: Riksmålsvernet/Det Norske Akademi (etter 1981)