Riyadh
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Riyadh (الرياض, ar-Riyāḍ) er hovudstaden i kongedømet Saudi-Arabia, og ligg i Najd-regionen. Byen ligg sentralt på den arabiske halvøya på eit stort platå. Innbyggartalet er på nesten 3,5 millionar. (14 % av folketalet i landet).
Byen ligg i den utvikla 'midtkorridoren' i Saudi-Arabias saman med Buraydah og Al Kharj i den administrative regionen Ar Riyad. Dei andre områda med konsentrert folkesetnad er to kystområde - rundt Jiddah og Mekka ved Raudehavet, og rundt Jubail og Dhahran ved Persiagulfen.
[endre] Historie
I preislamsk tid var busetninga på staden kalla Hajar. Staden var der fleire elver (i dag wadiar) flaut saman, og med grei tilgang til underjordiske vannsjikt. Hajar var kjent for dadlane og frukthagane sine. Namnet Hajah er kjem av fleirtalsforma av rowdhah (haveområdet). Det moderne navnet gjaldt opprinneleg ein mindre deler av busettinga.
Mot slutten av 1700-talet var Riyadh del av den første saudiske staten, som hadde hovudstad i Diriyah. Etter at dei ottomanarane øydela Diriyah i 1818 vart hovudstaden flytta til Riyadh. Berre mindre delar av Diriyah eksisterer i dag.
Byen vart erobra i 1902 av Abdul Aziz bin Abdul Rahman Al Saud. Han kunne i 1932 grunnlegge det moderne kongedømet Saudi Arabia, med Riyadh som hovudstad. Men den diplomatiaske hovudstaden var fram til 1982 Jeddah ved Rødehavet.
Dei viktigaste bydelane er Olaya, Dabab, og Batha.
[endre] Utvikling av folketalet i byen
- 1862 - 7.500
- 1935 - 30.000
- 1960 - 150.000
- 1970 - 370.000
- 1972 - 500.000
- 1974 - 650.000
- 1988 - 1,500.000
- 1990 - 2,000.000
- 1997 - 2,800.000
(framskrive:)
- 2007 - 5,000.000*
- 2020 - 8,900.000*
Mellom 1974 og 1992 vaks byen kvart år med ein snitt på 8,2 %.
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |