Rjukanbanen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rjukanbanen er namnet på ei norsk jarnbanestrekning frå Rjukan til Mæl stasjon. Nokre gonger vert Tinnosbanen frå Tinnoset til Notodden omtala som ein del av Rjukanbanen. Nokre tek med jarnbaneferjene på Tinnsjøen i omgrepet "Rjukanbanen". Slik kan ein seia at heile transportstrekninga frå Rjukan til Notodden er Rjukanbanen i vid tyding. Saman med vassvegen Notodden-Skien, danna Rjukanbanen frå opninga i 1909 ei samanhengjande transportline på 130 kilometer. Kong Haakon VII opna Rjukanbanen den 9. august 1909.
Rjukanbanen vart bygd i samband med Norsk Hydro sine store fabrikkprosjekt på Rjukan. Det var trong for å få transportert råstoff inn, og produkt ut til kysten. Rjukanbanen var den fyrste normalspora og elektriske jarnbanen i Noreg. Rjukanbanen vil for alltid vera knytt til framveksten av storindustri i Noreg, men òg til norsk krigshistorie. Kampen om tungtvatnet under andre verdskrig vart avslutta då norske sabotørar senka jarnbaneferja "Hydro" på Tinnsjøen den 20. februar 1944.
Innhaldsliste |
[endre] Nedlegging og museumsjernbane?
4. juli 1991 gjekk siste tog på Rjukanbanen. Norsk Hydro hadde flytta produksjonen sin andre stadar, og hadde ikkje lenger trong for eit storstilt transportsystem. Etter 1991 er det gjort forsøk på å driva Rjukanbanen som ein museumsjernbane. Museumsdrifta har hatt vanskar med å få finansieringa til å gå i orden.
[endre] Stasjonar og haldeplassar
[endre] Sjå òg
- Tinnosbanen
- Bratsbergbanen
- Norsk Hydro
- Sam Eyde
[endre] På verdsveven
[endre] Litteratur
- Gary Payton og Trond Lepperød: "Rjukanbanen - på sporet av et industrieventyr"., 1999.