Rockegruppa Kino
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kino Кино |
||
Land | Russland | |
Sjanger | Rock, New Wave, Russisk rock | |
Selskap | MOROZ Records | |
Medlemmer | ||
Viktor Tsoj (død) Jurij Kasparjan Igor Tikhomirov Georgij Gurjanov |
Kino (Russisk: Кино) var eit russisk rockeband leia av Viktor Tsoj, og var eit av dei største russiske musikkgruppene i Sovjetunionen på 1980-talet.
Dei fleste songane til Kino var skrive av Viktor Tsoj, og tekstane hans var enkle, men vert rekna som gode. Ideen om fridom og demokrati går litt igjen (ein song vart kalla «Anarki»), men i det store og heile var ikkje bandet så veldig politisk, og dei fleste songane handlar om liv, død og kjærleik. Dagleglivet var òg ein del av Kino sine songar (til dømes har dei ein song som handlar om elektritsjka, toget som går i undergrunnane i Russland).
Musikken til Kino har ofte blitt samanlikna med engelskspråklege band frå same tida som The Smiths, The Cure, Depeche Mode og Joy Division. Sannsynlegvis hadde desse banda direkte påverknad på Kino. I tillegg var Kino påverka av russiske songarar som Vladimir Vysotskij.
Innhaldsliste |
[endre] Soge
Bandet vart danna sommaren 1981 i Leningrad i Sovjetunionen (i dag St. Petersburg i Russland) som eit punkrock-band kalla Garin i giperboloidy (etter ein roman av Aleksej Nikolaevitsj Tolstoj kalla Giperboloid inzhenera Garina) av Tsoj, Aleksej Rybin og Oleg Valinskij. Eit år seinare skifta bandet namn til Kino (som tyder det same på norsk som på russisk, men vert uttalt utan kj-lyd). Sidan rock vart rekna for å vere «anti-sovjetisk», spelte berre Kino, som andre rockeband, i halvegs undergrunnsklubbar og i leiligheitane til musikarar (såkalla kvartirniks).
Sommaren 1982 kom Kino sitt første album, 45 (som var lengda på albumet i minutt). Plata vart spelt inn i lag med musikarar frå bandet Akvarium, og vart sakte distribuert gjennom undergrunnskanalar og bandet vart litt kjend.
Bandet slo først gjennom med albumet Notsj (Natt) i 1986, og seks songar frå plata vart gjeve ut på samleplata Red Wave: 4 Underground Bands from the USSR i USA i 1986.
Som følgje av at Perestroika opna opp for blant anna rockemusikk, kom Kino ut av undergrunnen, og i 1988 gav dei ut albumet Gruppa Krovi (Blodtype) i lag med filmen Igla (Nåla), som hadde Tsoj i rolle. Bandet vart på denne tida svært populært.
Dei neste to åra gav bandet ut eit anna album og spelte fleire konsertar i Sovjetunionen og utanlands føre store publikum. Den siste konserten bandet spela var på Olympiastadion i Moskva i 1990. Etter denne konserten reiste Tsoj til Riga for å spele inn vokal til det neste arbeidet deira. På veg heim til St. Petersburg 14. august 1990 kolliderte Tsoj med ein buss. Bilen vart totalt øydelagt, og Tsoj omkom. Bandet med vokalinnspelinga overlevde utruleg nok, og resten av bandet spelte inn reste av albumet, som kom ut i 1990 utan tittel. Det vert derimot ofte kalla Tsjiornyj Albom (Det Svarte Albumet), fordi det har eit heilt svart omslag.
Bandet var så ekstremt populært i Sovjetunionen at ein kunne sjå orda «Цой жив!» (russisk for Tsoj lever!) og «КИНО» på kvar ein vegg over heile landet. Å skrive desse orda vart nesten som eit rituale til minne om Tsoj blant tilhengjarane til bandet, og sjølv i dag kan ein sjå desse orda som ein del av grafittien rundt om i byane.
[endre] Medlem
- Viktor Tsoj (Виктор Цой) – vokal og gitar
- Jurij Kasparjan (Юрий Каспарян) – gitar
- Igor Tikhomirov (Игорь Тихомиров) – bass
- Georgij Gurjanov (Георгий Гурьянов) – trommer
[endre] Diskografi
[endre] Studioalbum
1982 | 45 |
1984 | Natsjalnik Kamtsjatki (Meisteren av Kamtsjatka) |
1985 | Eto Ne Ljubov (Dette er ikkje kjærleik) |
1986 | Notsj (Natt) |
1988 | Gruppa Krovi (Blodtype) |
1989 | Zvezda Po Imeni Solntse (Ei stjerne kalla Sola) |
1990 | Tsjornyj Albom (Det svarte albumet) |
[endre] Samleplater og demoar
1982 | Neizvestnyje Pesni Viktora Tsoj (Ukjende songar av Viktor Tsoi) |
1983 | 46 |
1986 | Red Wave |
1989 | Poslednij Geroj (Den siste helten) |
2000 | Istorija Etogo Mira (Soga om denne verda) |
2002 | Kino v Kino (Kino på kino) |
2002 | Poslednije Zapisi (Dei siste innspelingane) |
[endre] Konsertalbum
1985 | Kontsert v Rok-Klube (Konsert på Rok-Klube) |
1987 | Kontsert v Dubne (Konsert i Dubne) |
1988 | Akustitsjeskij Kontsert (Den akustiske konserten) |
[endre] Lenkjer ut
- Мир КИНО (KINO si verd), ei fanside for Tsoj med frie mp3ar, på russisk og engelsk
- Kinoman, ei Tsoj/Kino fanside på russisk
- Boshetunmai, ei Tsoj/Kino fanside på engelsk
- Igla på IMDB
- Kino på MusicBrainz
- KINOPROBY: Heimesida til eit tributband frå Portland, Maine i USA
- Russisk musikk på nettet: Kino, enkelte tekstar oversett til engelsk
- Kinomania - ei fanside