Rolf Aamot
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rolf Aamot (fødd 28. september 1934 i Bergen) er ein norsk biletkunstnar, fotograf og regissør.
Aamot studerte måleri ved Kunstakademiet i Oslo og film ved Dramatiska Institutet i Stockholm. Han er kjend som målar, elektronisk målar og grafikar, kunstfotograf, regisør og biletmusikkomponist. Kunsten hans er ofte ei form for performancekunst med bilettonar og fotografiske element.
Verket Evolution (1966) med musikk av Arne Nordheim vart vist på fjernsyn alt i 1967. Det var første gong fjernsyn vart brukt som ei sjølvstendig biletkunstnarleg uttrykksform. I 1970-åra arbeidde Aamot med elektroniske måleri, måleri datamålt på lerret og digitale fotomåleri.
Han har helde fram med å bruke film som kunstnarleg uttrykksmiddel og laga foto- og videokunst, ofte i samarbeid med biletkunstnaren og komponisten Bjørg Lødøen og fotograf, dansar og koreograf Kristin Linder. Aamot har vore representert ved flere internasjonale film- og kunstfestivalar.
Innhaldsliste |
[endre] Utvalgte verk
- Fjernsyn: Evolution (1966), Relieff nr.2 (1967-68), BSK (1968) , Visual (1971), Progress (1977), Structures (1979), Medusa (1986), Puls (1986), Nærklang (1987), Expulsion (1987)
- Kino: Relieff (1966-67), Kinetic Energy (1967-68), Vision (1969), Structures (1970), Actio (1980), Aurora Borealis (1991), Tide (2000), Energy (2003), U (2005)
[endre] Bakgrunnstoff
[endre] Litteratur
- Norsk biografisk leksikon. Band 10. 2005.
- Allgemeines Kunstler-Lexikon. Band 1. 1992. Munchen-Leipzig, SAUR. [1]