Romanifolk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Romanifolk, er ei fellesnemning for skandinaviske folkegrupper av delvis indisk opphav som tradisjonelt har hatt ein omreisande livsstil med næringsvegar som musikk, handverk (særleg metallarbeid), kolportasje og småhandel. Romanifolka er offisielt definerte som ein nasjonal minoritet både i Noreg og Sverige. Dei har òg ofte blitt kalla reisande eller tatrar.
Innhaldsliste |
[endre] Grupper
Norske romanifolk kan delast inn i to hovudgrupper ut frå geografi, språk og kultur — tavringar (tatrar, storvandriar) i aust og småvandriar (splintar, fantar) i vest.
[endre] Tavringar
Tavringane — òg kalla storvandriar, tatrar og stundom fantar — hører først og fremst heime på Austlandet, i Trøndelag og i vestlege delar av Sverige. Det tradisjonelle språket åt tavringane er romani rakripa.
[endre] Rodi
Småvandriar — òg kalla splintar eller fantar — hører hovudsakleg heime på Sør- og Vestlandet. Språket deira blir kalla rotipa (rodi, rotvelsk) og inneheld mellom anna fleire skandinaviske ord enn romani rakripa. Leveviset åt småvandriane er tradisjonelt mykje knytt til sjøvegen.
[endre] Sjå òg
[endre] På verdsveven
- Landsorganisasjonen for Romanifolket
- Romanifolkets landsforening
- Romani Posten
- enemo.net - Romani & Romanésfolkets Landsforbund
- taterne.no
- romaniradet.no
- Bo Hazell: «Resandefolket - från tattare till traveller» - Referat av föredrag på Gula Villan den 16 september 2002