Romfarar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein romfarar er nemninga på ein person som reiser i verdsrommet.
Den mest kjende kosmonauten er truleg Jurij Gagarin (1934–1968), som var det første mennesket i verdsrommet. Gagarin gjennomførte eitt jordomløp i romfartøyet Vostok 1 den 12. april 1961.
Den mest kjende astronauten er truleg Neil Armstrong (fødd 1930), som var det første mennesket som sette foten på overflata av Månen, 21. juli 1969.
Kinas første taikonaut var oberstløytnant Yang Liwei, som letta frå Jiuquan-senteret i Gansu i romfartøyet Shenzhou 5 den 15. oktober 2003. Yang Liwei gjennomførte 21 timar i bane.
[endre] Variantar av ordet
- Engelsk: astronaut (frå gr. astron, «stjerne», og lat. nauta, «sjømann»)
- Russisk: kosmonaut (frå gr. kosmos, «verdsaltet», og naves, «sjømann»)
- Fransk: spationaut (frå lat. spatium «rommet» og gr. nautes, «sjømann»)
- Kinesisk: taikonaut (frå kin. taikong, «verdsrommet», og lat. nauta, «sjømann»)
Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over astronomispirer. |