Russiske føderale distrikt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Russland er delt inn i sju føderale distrikt (russisk Федеральные округа, federalnyje okruga). Dei vart oppretta ved dekret av president Vladimir Putin 13. mai 2000, og står over føderasjonssubjekta. Kvart distrikt vert leia av ein representant for presidenten som vert utnevnt av den russiske føderasjonen sin president. Representanten for presidenten har til oppgåve å passa på at dei føderale subjekta overheld den russiske grunnlova. Opprettinga av dei føderale distrikta vart sett som eit tiltak for å sentralisera den russiske staten.
[endre] Liste over dei føderale distrikta
- Sentrale føderale distrikt (Центральный федеральный округ, Tsentralnyj federalnyj okrug)
- Sørlige føderale distrikt (Южный федеральный округ, Juzjnyj federalnyj okrug)
- Nordvestlige føderale distrikt (Северо-западный федеральный округ, Severo-zapadnyj federalnyj okrug)
- Fjerne Austen føderale distrikt (Дальневосточный федеральный округ, Dalnevostotsjnyj federalnyj okrug)
- Sibir føderale distrikt (Сибирский федеральный округ, Sibirskij federalnyj okrug)
- Ural føderale distrikt (Уральский федеральный округ, Uralskij federalnyj okrug)
- Privolzjskij (Volga) føderale distrikt (Приволжский федеральный округ, Privolzjskij federalnyj okrug)
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |