Salmebok
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristendommen |
Skrifter |
Ei salmebok er ei samling kristne salmar som kan inneheld tekst, og ofte òg melodi. Samlinga blir hyppig brukt i kyrkja, som gjerne har ei fastsett salmesamling.
Salmebøker som skal brukast i gudstenester i Den norske kyrkja (statskyrkja), måtte tidlegare godkjennast av kongen. No er det Kyrkjemøtet som godkjenner salmebøker.
Innhaldsliste |
[endre] Offentleg godkjende salmebøker
[endre] Danske
- 1569: Den danske Psalmebog (Hans Thomissøns salmebok)
- 1699: Dend Forordnede Ny Kirke-Psalme-Bog (Kingos salmebok)
- Denne boka blei innført ved lov i alle kyrkjer i Danmark-Norge. Fram til 1780-åra var det den dominerande, for ikkje å seia einaste, salmeboka.
- 1740: Den Nye Psalme-Bog (Pontoppidans salmebok)
- 1778: Psalme-Bog eller En Samling af gamle og nye Psalmer (Guldbergs salmebok), utvikla av Ludvig Harboe og Ove Høegh-Guldberg, autorisert i 1783.
- 1798: Evangelisk-christelig Psalmebog til Brug ved Kirke- og Huus-Andagt
- Fastsett av ein kommisjon med seks medlemmer, mellom anna diktaren Edvard Storm.
[endre] Norske
- 1853: Tillæg til den evangelisk-christelige Psalmebog
- Christianiatillægget, den første autoriserte salmesamlinga i Noreg
- 1869: Landstads salmebok
- Utvikla av M.B. Landstad på oppmoding frå kyrkjedepartementet
- 1873: Psalmebog for Kirke og Hus, utvikla av Andreas Hauge og godkjend ved kongeleg resolusjon, men blei aldri så mykje brukt som Landstad.
- 1892: Nokre Salmar
- 1925: Nynorsk salmebok
- 1926: Landstads reviderte salmebok
- Kritikk mot utval og utforming førte til ei omforming som blei gjort av av Gustav Jensen.
- 1957: Girko-Sál'bmagri'ji
- 1973: Salmer 1973 - Liturgikommisjonens prøvehefte
- 1985: Norsk Salmebok
- Avløyste Landstad som offisiell salmebok for den norske kyrkja og blir fortsatt brukt i dag.
- 1997: Salmer 1997
- Tilleggsbok til Norsk Salmebok.
[endre] Kjelder
- Dansk Wikipedia om Salmebog (28. okt. 2005 kl. 09:17 (UTC))
- NRK: Mellom himmel og jord (28. okt. 2005 kl. 09:17 (UTC))
- Kirkesalen på maihaugen.no (28. okt. 2005 kl. 09:17 (UTC))
Kategoriar: Salmar | Bøker | Salmebøker