Det gamle testamentet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristendommen |
Treeininga |
Gud Fader | Jesus | Den heilage ande | unitarisme |
Skrifter |
Utøving |
Forbøn | gudsteneste | kyrkje | liturgi | nattverd | sabbat | sakrament |
Retningar |
Anglikansk | ortodoks | katolsk | luthersk | presbyteriansk | |
Livssyklus |
Merkedagar |
Kyrkjeåret: Advent | jul | faste | påske | pinse | olsok | hausttakkefest | helgemesse |
Viktige personar |
Nye testamentet: |
Geistlege |
|
Abrahamittiske rel. |
Jødedom kristendom |
islam bahá’í sikhisme |
Det gamle testamentet, ofte forkorta til GT, er det kristne namnet på den hebraiske bibelen. Det vanlegaste jødiske namnet på dei same skriftene er Tanákh. Den kristne Bibelen inneheld i tillegg det nye testamentet, NT.
Namnet til testamentet kjem frå latin Vetus Testamentum, ei omsetjing av det greske I Palea Diathiki som tyder 'den gamle pakta' eller 'testamentet'. Dette var for å visa at ein meinte den gamle pakta mellom Gud og jødane var blitt erstatta av ei ny då Messias (Jesus) kom til menneska.
Den hebraiske Bibelen og det gamle testamentet inneheld om lag dei same bøkene, men rekkefølgen er ulik. Innan dei katolske og ortodokse kyrkjene har testamentet 46 bøker, i protestantismen er sju av desse tekne ut som apokryfe og protestantiske biblar har dei 39 bøker som tilsvarer dei 24 som er godkjende som jødisk kanon.
[endre] Bøkene i det gamle testamentet etter kristen tradisjon
- Første mosebok
- Andre mosebok
- Tredje mosebok
- Fjerde mosebok
- Femte mosebok
- Josva
- Dommarane
- Rut
- Samuelsbøkene (1-2)
- Kongebøkene (1-2)
- Krønikebøkene (1-2)
- Esra
- Nehemja
- Ester
- Job
- Salmane
- Salomos ordtøke
- Forkynnaren
- Høgsongen
- Jesaja
- Jeremia
- Klagesongane
- Esekiel
- Daniel
- Hosea
- Joel
- Amos
- Obadja
- Jona
- Mika
- Nahum
- Habakkuk
- Sefanja
- Haggai
- Sakarja
- Malaki
[endre] Dei deuterokanoniske eller apokryfe bøkene
- Tobit
- Judit
- Den greske Ester-boka (blir ikkje rekna som ei eiga bok, men som tillegg til Ester)
- Visdommens bok
- Sirak
- Baruk
- Tillegg til Daniels bok (blir ikkje rekna som ei eiga bok, men som tillegg til Daniel)
- Makkabearbøk (1-2)
- Andre Makkabeerbok
Bibelen | ||||||||||
|