Sen to Chihiro no kamikakushi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sen to Chihiro no kamikakushi (千と千尋の神隠し), kalla Chihiro og heksene på norsk, er ein japansk anime-film frå 2001. Filmen er regissert av den japanske anime-regissøren og manga-teiknaren Hayao Miyazaki, og laga ved Studio Ghibli.
Filmen vant Oscar for beste heilaftans teiknefilm på den 75. årlege Academy Award-seremonien i 2003, og vant prisen for beste animasjon frå National Board of Review of Motion Pictures, Los Angeles Film Critics Association og New York Film Critics Circle. Han delte fyrstepremien gullbjørnen på Berlin filmfestival i 2002 med Paul Greengrass sin film, Bloody Sunday.
[endre] Handling
Filmen handlar om den vesle jenta «Chihiro Ogino» som flyttar til landet med foreldra, «Akio» og «Yūko». Under flyttinga køyrer dei seg vill og oppdagar en tunnel, og av ren nysjerrigheit går dei inn, uvitande om at den faktisk er ein inngang til åndeverda - blant annet til eit badehus der åndene og gudwne (inspirert av den shintōistiske religiøse tradisjonen) dreg for å kvile og slappe av. Familien går inn i det som tilsynelatande er ein forlaten fornøyelsespark full av restaurantar, og «Chihiro» sine foreldre finn seg med ein gong ein stad å ete og forsyner seg av maten. Gjennom eni serie med forviklingar må «Chihiro» finne seg arbeid i badehuset til åndene for å redde seg sjølv og foreldra ut av åndeverda.
[endre] På verdsveven
- Sen to Chihiro no kamikakushi på The Internet Movie Database (IMDb)