Sjukepleie
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sjukepleie er aktivitet for å hjelpe einskilde menneske og familiar å få, få attende og vedlikehalde normal helse og funksjon. Det er både eit yrke og ein vitskapeleg disiplin. Ein kan og bruke sjukepleie om all pleie av sjuke, til dømes det foreldre gjer for eigne sjuke born. Som yrke blir det utøva av sjukepleiarar, hjelpepleiarar og andre. Som vitskapeleg disiplin blir det kalla sjukepleievitskap.
Sjukepleiar er ein verna tittel.
[endre] Historie
I tidlegare tider var det vanleg at nær familie eller religiøse, særleg nonner, utførte sjukepleie. Under Krimkrigen byrja Florence Nightingale å utvikla eit moderne sjukepleievesen, som seinare vaks til som følge av dei to verdskrigane.
[endre] Bakgrunnsstoff
![]() |
Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over medisinspirer. |