Skjor
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skjora |
||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Skjora (fotografert av Svein Jan Hjelmeset.) |
||||||||
Systematikk | ||||||||
|
||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||
Pica pica Linné, 1758 |
Skjora (Pica pica) er ein stor fugl i kråkefamilien. Ho er standfugl i Europa, store delar av Asia og i Nordvest-Afrika, og er vanleg å sjå i Noreg.
Innhaldsliste |
[endre] Skildring
Skjora er ein langstjerta fugl med eit karakteristisk mønster i svart og kvitt. Dersom vi ser nærmare på fuglen, kan vi sjå at dei svarte fjøra har ein metallskinnande glans i blått, grønt og lilla. Den kan også vere heilt kvit Albino ,som er vist på biletet under.
[endre] Levevis
Skjora trivst best i ope landskap, og ho lever i heile Noreg, heilt opp til bjørkebeltet. Ho er ein standfugl som er her heile året.
Skjora et både plantar og dyr. Ho er ofte ein grådig gjest på fuglebrettet. Du har sikkert sett ho når ho hoppar rundt på graset på leit etter mat. Fuglen kan og trekkje stare ungar ut av reirkasser. Skjora drep sjeldan byttet sjølv, sidan ho er ein åtselfugl slik som slektingane sine, kråka og ramnen.
[endre] Oppfører seg som ein rovfugl ein sjelden gong
Fuglen på biletet har drepe ei raudvingetrast. Skjora tok ho i flukt, og drap trasta ved å stikke klørne gjennom huda og inn i lungene, slik at dei punkterte. Deretter brukte ho nebbet til å kvele han. Skjora ribba fuglen fyrst i brystet og åt den kjøtfulle delen. Deretter fortærte ho heile fuglen. Alt dette skjedde i fredelige Kreklingen i Åsen ein oktoberdag i 2003.
[endre] Skjora kan og vere ein tjuv
Skjora er glad i ting som skin. Du har kanskje blitt frastjelt noko? Ho stel ting som smykke, ringar, klokker med meir.
[endre] Hekking
Skjora bygger reir i tre, busker, under husmøne osb. Alt etter om ho legg reiret høgt eller langt nede i eit tre, har frå gammalt av vore vermerke for resten av sommaren. Ho legg 6-8 egg i april-mai. Rugetid er 17-19 dagar. Fuglen rugar gjerne på eit hønseegg om det vert lagt oppi reiret. Mange har vel prøvt det og fått lurt ho til å ruge ut ein hønsekylling.