Slaget ved Narva
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slaget ved Narva | |
---|---|
![]() Segern vid Narva er eit måleri av Gustaf Cederström frå 1910.]] |
|
Konflikt: Den store nordiske krigen | |
Dato: 20. november 1700 | |
Stad: Narva i noverande Estland | |
Utfall: Svensk siger | |
Partar | |
Sverige | Russland |
Leiarar | |
Kong Karl XII av Sverige | Feltmarskalk Charles Eugène de Croy |
Styrker | |
10 500 mann | ca 37 000 mann |
Tap | |
667 døde | ca 15 000 døde, ca 12 000 tekne til fange |
Den store nordiske krigen | |
Slaget ved Narva |
Slaget ved Narva er ein av dei største sigrane i den svenske militærsoga.
I november 1700, rekna etter den julianske kalenderen, hadde russarane, under tsar Peter den store beleira den estiske byen Narva, lengst aust i det svenske austersjøriket.
Det var enno tidleg i den store nordiske krigen og Sverige var framleis ei stormakt.
Kong Karl XII hadde kome frå Sverige med ei styrke på 8140 mann og inne i byen hadde han rundt rekna 2500 soldatar. Russarane var i overtal, rundt 37.000 mann. Om ein reknar med stort og smått, som svenskane gjerne gjer, så var dei kanskje over 80.000.
Den svenske heren vart leia av kongen sjølv, assistert av General Carl Gustaf Rehnskiöld, medan russarane vart kommandert av hertugen av Croy. Tsar Peter hadde forlate heren berre nokre dagar tidlegare.
Ved totida den 20. november blåste det opp ein snøstorm, rett i auga på russarane. Då svenskane fekk sjå det var dei ikkje seine om gå til åtak. Dei slo raskt gjennom dei russiske linene og heile den russiske heren fekk panikk. Mange flykta frå slagmarka og drukna i Narvafloden.
Tapa var store på begge sider. Sverige mista 667 mann og russarane over 15.000. Dei overlevande russarane overgav seg og la ned våpna sine. Over 20.000 muskettar samla sigerherrane inn.