Stol
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein stol er eit møbel til å sitja på. Stolen er meir komplisert enn ein krakk, i og med at han har eit ryggstø. Stolar har som regel fire bein, og av og til armlener. Dei kan gå frå å vera enkle pinnestolar av tre til store, stoppa lenestolar.
Stolar har ofte vore statussymbol. I Vest-Afrika før koloniseringa hadde ein kongestolar som berre leiarane kunne sitja i. I vikingtida og mellomalderen i Noreg og Europa var det òg vanleg at berre stormennene sat på stolar, medan vanlege folk måtte sitja saman på benkar.
[endre] Stoltypar
Stolar finst i mange variantar. Nokre vanlege typar er:
- Gyngestol
- Klappstol
- Kontorstol
- Lenestol
[endre] Peikar ut
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |