Suezkanalen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Suezkanalen er ein 171 km lang kanal i Egypt mellom Middelhavet og Raudehavet.
Bygginga av kanalen vart leia av Ferdinand de Lesseps i tida mellom 1859 og 1869. Bygginga vart gjennomførd av eit fransk selskap. Etter at kanalaen vart opna, eigde Frankrike og Egypt kanalselskapet som stod for dagleg drift. I 1875 kjøpte Storbritannia 45% av kanalselskapet og inngjekk ei avtale med Egypt om at selskapet skulle overførast til Egypt i 1968. I 1956 nasjonaliserte den egyptiske presidenten Gamal Abdel Nasser kanalen, noko som førde til Suezkrisa.
[endre] Sjå òg
[endre] Lenkjer ut
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |