Tønne
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei tønne eller tynne, i somme tilfeller også kalla fat, er eit lukka rundt ilåt med bogne vegger som tradisjonelt er laga av tønnestavar av tre og bunden saman med tønneband av metall.
Tønner har vore brukte til å lagra og frakta drikkevarer og matvarer i fleire hundreår. Rundt om i Europa har tønner vore framstilla i mange ulike storleikar, i Noreg har storleiken på tønner brukt til handelsvarer vorte standardisert. Ein person som set saman tretønner vert kalla bøkker. Ulike treslag har vore brukte til tønner, men tønner til å lagre flytende varer skal helst vere produsert av eik. Det vert framleis produsert tønner av tre, i dag blir dei særleg brukte til å lagra alkoholdrikkar for mogning. Dei blir då kalla fat.
Det er no vanleg å produsere tønner for lagring og transport av væsker i plast, aluminium eller andre metall i ulike storleikar. Ofte kallar ein då behaldaren fat som i oljefat for oljeprodukt, men når ein lagrar farleg avfall nyttar ein ofte nemninga gifttønne.
[endre] Tønne som måleining
Tønner har gjeve opphav til fleire ulike måleiningar, først og fremst for volum. Det har ulik storleik avhengig om det er tørre eller flytande varer som vert målt.
Ei tønne for tørre varer, som korn, er 139 liter. På ei tønne går det fire fjerdingar eller kvartel a 34,71 liter. Det var òg vanleg å bruka mål som halvtønne. Ei tønne for flytande varer er 115,8 liter. På ei slik tønne går det tre anker a 38,6 liter. I dag er eit meir standardisert tønnemål 100 kg.
Tønne har òg vore brukt som eit flatemål med utgangspunkt i eit høveleg område å så ei tønne korn på. Dette svarer til 3,937 dekar.