Bøkker
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein bøkker er ein som lagar og tek vare på tønner. Dette var tidlegare eit vanleg handverk, men i takt med utviklinga av nye oppbevaringsmetodar blei det mindre etterspurnad etter tønner, og dermed færre bøkkerar.
[endre] Faget
Ein bøkker må kunne ta ut eigna material, bearbeida desse til tønnestavar og forma dei i ein stavkrakk. Stavane blir tilpassa, og deretter tetta med til dømes siv der det trengst. Deretter blir tønnebanda slått på plass med mokker og sleggert.
I 1960-åra blei dei fleste tønnefabrikkane i Noreg nedlagt, og faget gjekk ut av lærlingeordninga. Det trengst likevel fortsatt bøkkerar, særleg for vedlikehald og restaurering av ulike typar fat og tønner. Mellom anna er eikefat viktige for norsk akevittproduksjon. Vinmonopolet tok derfor initiativ til å få faget innført igjen i 1994. Utdanninga til dette yrket er i Noreg i dag to år på skole og to år i lære ute i bedrift.
[endre] På andre språk
På engelsk heiter bøkker Cooper eller Couper og på nederlandsk Kuiper eller Kuijper. Dette er vanlege etternamn i desse språkområda.