Tor Bergeron
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tor Bergeron (15. august 1891–13. juni 1977) er ein svensk meteorolog som sette fram teoriar om danning av nedbør i skyer. I lag med Vilhelm Bjerknes var han ein del av meteorologane i Bergensskulen som danna grunnlaget for moderne vêrvarsling.
På 1930-talet utvikla Bergeron og Walter Findeisen eit konsept om at skyer kunne innehalde både underkjølte vassdropar og iskrystallar. I følge Bergeron blir mesteparten av nedbøren danna ved at vatn fordampar frå små underkjølte vassdropar og sublimerer på iskrystallane, som så fell som snø eller smeltar og fell som regn. Denne prosessen er kjend som Bergeronprosessen, og ein meiner i dag at dette er ein av dei mest vanlege metodane ein får danna nedbør på.