Uganda
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: For God and My Country (For gud og fedreland) |
|||||
Offisielle språk | Engelsk | ||||
Hovudstad | Kampala | ||||
Styresett |
Republikk Yoweri Museveni Apolo Nsibambi |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
236 040 km² (82.) 15 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (2002) - Tettleik |
27 269 482 (41.) 24 442 084 116/km² (65.) |
||||
Sjølvstende frå Storbritannia |
9. oktober 1962 | ||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
48 620 mill. USD (76.) 1 817 USD (148.) |
||||
Valuta | Ugandisk shilling (UGX) | ||||
Tidssone | UTC +3 | ||||
Nasjonalsong | Oh Uganda, Land of Beauty Å Uganda, vakre land |
||||
Nasjonaldag | 9. oktober | ||||
Internasjonal telefonkode | +256 | ||||
Nasjonale toppdomene | .ug | ||||
Uganda er eit land i Aust-Afrika som grensar mot Tanzania, Rwanda, Kongo, Sudan og Kenya.
Innhaldsliste |
[endre] Fakta
- Lågaste punkt: Lake Albert, 621 moh.
- Naturtilgong: kopar, kobolt, vasskraft, kalkstein, salt, fruktbar mark
- Folkesetnaden sin gjennomsnittsalder: 14,7 år (2002)
- Spedbarnsdøydelegheit: nesten 9 % (2003)
- Folkesetnaden si midellivslengde: 44,9 år (2003)
- Etniske grupper: baganda 17 %, ankole 8 %, basoga 8 %, iteso 8 %, bakiga 7 %, langi 6 %, rwandiar 6 %, bagisu 5 %, acholi 4 %, lugbara 4 %, batoro 3 %, bunyoro 3 %, alur 2 %, bagwere 2 %, bakonjo 2 %, jopodhola 2 %, karamojong 2 %, rundi 2 %, ikkje-afrikanarar 1 %, andre 8 %
- Religion: katolikkar 33 %, protestantar 33 %, inhemske religionar 18 %, muslimar 16 %
- Språk: Engelsk, ganda (eller luganda), andre niger-kongolesiske språk, nil-sahariske språk, swahili, arabisk
- Analfabetisme: Cirka 30% av folkesetnaden eldre enn 15 år var analfabete i 2003.
[endre] Klima
Viktoriasjøen er ein viktig del av klimaet i Uganda, og gjer at klimaet her er våtare enn t.d. i nabolandet Kenya, som elles har mykje det same klimaet. Fukta frå Victoriasjøen er ei kjelde til fukt i atmosfæren og torevêr. I tillegg er dei vestlege områda ofte påverka av fuktig sørvestleg vind som tar med seg regn frå Kongo. Dei våtaste områda av landet er langs kysten av Viktoriasjøen og dei vestlege fjellområda. Her får ein om lag 1500 mm i året, medan sentrale og nordaustlege område får mindre enn 1000 mm. Nedbøren varierer derimot frå år til år, så enkelte år kan nedbørsmengda vere mykje mindre enn 1000 mm. Uganda har to regntider som følgjer den intertropiske konvergenssona sørover (mars-mai) og nordover igjen (oktober-desember). I dei nordlege områda smeltar derimot desse to regntidene i saman til ei samanhengande regntid, med ei tørketid i mellom.
Temperaturane vert sjeldan svært høge, og fukta er vanlegvis ikkje så pass høg at ein får ubehaglege forhold. Ein kan ha regnvêr ein dag og to i strekk, men vanlegvis kjem regnet i samband med kraftige torebyger.
[endre] Administrativ inndelning
Uganda er inndelt i 56 distrikt:
- Adjumani
- Apac
- Arua
- Bugiri
- Bundibugyo
- Bushenyi
- Busia
- Gulu
- Hoima
- Iganga
- Jinja
- Kabale
- Kabarole
- Kaberamaido
- Kalangala
- Kampala
- Kamuli
- Kamwenge
- Kanungu
- Kapchorwa
- Kasese
- Katakwi
- Kayunga
- Kibale
- Kiboga
- Kisoro
- Kitgum
- Kotido
- Kumi
- Kyenjojo
- Lira
- Luwero
- Masaka
- Masindi
- Mayuge
- Mbale
- Mbarara
- Moroto
- Moyo
- Mpigi
- Mubende
- Mukono
- Nakapiripirit
- Nakasongola
- Nebbi
- Ntungamo
- Pader
- Pallisa
- Rakai
- Rukungiri
- Sembabule
- Sironko
- Soroti
- Tororo
- Wakiso
- Yumbe
[endre] På verdsveven
Aust-Afrika |
Burundi | Djibouti | Eritrea | Etiopia | Kenya | |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |